torsdag 27. mars 2008

fredag 15. februar 2008

Framleis kaldt

Sjølv om me er midt i februar er det kaldt, og det er ingen tegn til blader på treet enda. Det er ikkje kome noko snø heile vinteren, så kanskje treet spirer litt tidligare?

tysdag 18. desember 2007

Vinteren står for tur

Det er blitt desember og vinteren kjem sakte men sikkert. Lønna mi er for lengst bladfri men det er ikkje noko teikn til snø enno.

fredag 5. oktober 2007

Haust

No er det endeleg haust, og med hausten kjem brune og visne blader. Sjølv synest eg at lønna mi visnar ganske seint, monge andre tre er allereie utan blader medan mi berre så vidt har fått brune blader.



onsdag 29. august 2007

Teikn på haust

No er hausten kommen til for fullt, og det skjer store forandringar i naturen. Siden sist post eg la ut, har frøkapslane blitt nesten heilt brune og tørre. Eg trur ikkje det varar så lenge før dei fell av. Bladene er det ikkje stor forandring på, men dei startar nok snart å visne dei og.

laurdag 4. august 2007

Sommar


No er det ei stund sidan eg har lagt ut nytt innlegg, men her kjem det no. Etter ein til nå veldig regnfull sommar har det ikkje skjedd så altfor mykje med treet, men det har fått litt mørkare fargar. Kapslane har fått litt mørke flekkar på seg og det kan sjå ut til at dei snart visnar. Det blir spennande og sjå kva som skjer nå som høsten ligger for tur. Eg kjem tilbake med nye bilder og siste nytt seinare i månaden.

fredag 25. mai 2007

Blader

Plusteleg er treet nesten fullt utblomstra, det skjedde ganske plusteleg, kanskje i løpet av ei veke eller noko i den duren. Eg har ikkje noko erfaring me lønn frå før, så eg lurar på kor lenge bladene held seg på. Kjem tilbakemed meir når bladene er heilt utvokse.